Gå tilbake til:
Du er her:

TIRSDAGSKVELD PÅ BERGEN BYARKIV

Fattigomsorg og banksystem - donasjonar til trengande i Bergen

På årets første tirsdagskveld 10. januar vil Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved UiB, fortelle om fattigomsorga i Bergen.

Frå 1600-talet og fram til 1770-talet var fattigomsorga finansiert av private donasjonar. Bergensarar gav store summar til gode føremål, som skular, fattighus og legat. Men det var berre avkastninga som vart brukt. Kapitalen vart lånt ut til ei rente på 4-5 prosent. Kvar institusjon som vart driven gjennom donasjonar fungerte dermed òg som ein liten bank. I 1775 var det til saman 71.500 riksdalar som på dette viset vart tilbydd lånemarknaden i Bergen. Fattigomsorg og banksystem var dermed lenge to sider av same sak.

Foredraget starter klokken 19.00, og finner sted på byarkivets lesesal i Kalfarveien 82. Arrangementet er gratis og foredraget varer cirka 45 minutter. Velkommen!