Gå tilbake til:
Du er her:
TIRSDAGSKVELD PÅ BERGEN BYARKIV

1919 – det eigentlege året for innføringa av allmenn røysterett

På vår siste tirsdagskveld i vår, 4. juni, markerar vi 100 år med røysterett for alle!

Professor i historie Frode Ulvund fortel om utviklinga av røysteretten i Noreg. Då allmenn røysterett for menn vart vedtatt i 1898, var det slik at dei som fekk fattighjelp mista røysteretten. Først i 1919 vart bestemmelsen fjerna frå Grunnlova. 1919 markerar den endelege overgangen frå røysterett som eit privilegium for enkelte til at røysteretten vart ein personleg rettigheit for alle.

Foredraget starter kl. 19 og finner sted på byarkivets lesesal i Kalfarveien 82. Velkommen!