Gå tilbake til:
Du er her:
Mari-Kristine Morberg og Aina Drage er mobbeombod i Vestland.
Mari-Kristine Morberg og Aina Drage er mobbeombod i Vestland.
Bilde: Foto: Bjarte Johansen, Vestland fylkeskommune

Mobbeombodet i Vestland

Mobbeombodet jobbar for at barn og unge skal ha det trygt og godt i barnehagen og på skulen. Mari-Kristine Morberg og Aina Drage er mobbeombod for barn og unge i Vestland.

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet rettleier i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om eit barn ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 57 30 03 33 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no
Du kan følgje ombodet på Facebook (www.facebook.com/mobbeombod) eller på Instagram (https://www.instagram.com/ombodvestland/).

Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp, på www.vlfk.no/mobbeombodet