Gå tilbake til:
Du er her:

Bli med på Ettertankens dag 21. februar

Velkomen til minnemarkering for omkomne i trafikken i Hordaland torsdag 21. februar i Bergen sentrum.

Program for markeringa:

17.00-17.30 på Torgallmenningen: Appell ved leiar i Fylkestrafikksikringsutvalet Jon Askeland. 17.30-18.00: Fakkeltog frå Torgalmenningen til Korskirken
18.00-19.15: Minnemarkering i Korskirken. Musikalske innslag ved koret Sola Fide. Namnelesing og lystenning for dei omkomne i 2018. Det vert også diktlesing frå pårørande, tale frå fylkesvaraordføraren og blomemarkering.

Desse står bak: Bergen kommune ved Bergen brannvesen og Bymiljøetaten, Den norske kyrkje ved Bjørgvin Bispedømme, Førerkortsentralen, Gjensidige forsikring, Haukeland Universitetssjukehus ambulansetenesta, Hordaland fylkeskommune, NAF, NLF, Personskadeforbundet, Vest politidistrikt, Røde Kors Hjelpekorps, Statens vegvesen, og Trygg Trafikk.