Gå tilbake til:
Du er her:

Frå avfallsdeponi til dyrkbar mark på Neset

Bymiljøetaten er i gang med å rydda i det nedlagte kommunale avfallsdeponiet Neset i Arna.

Deponiet skal dekkast med reine massar og på ny bli dyrkbar mark. Randsona mot Haukelandsvatnet skal reinskast for avfall og på ny bli ei våtmarkssone.

Neset avfallsdeponi var i drift frå 1959 til 1977. Totalt er det deponert 120 000m3 avfall på eit 40 dekar stort område. Prosjektet er ein del av planane kommunen har for miljøsanering der det finst fare for forureining.

Prøver viser lav forureining

-Bymiljøetaten tek prøvar av jord og vatn før, under og etter anleggsperioden. Så langt viser prøvene lav forureining, det vil si litt over vanleg forureina byjord,fortel prosjektleiar Gry Stenersen.

Til naturreservat og dyrkbar jord - dette gjer vi

Avfall som ligg i skråninga ned mot vasskanten blir grave opp og lagt inn på land og dekkast med tette massar og deretter med matjord saman med heile den gamle deponioverflata. Det tette laget skal hindre at regnvatn vaskar ut forureining til Nesvika. Grøfter i overgangen mellom det gamle deponiet og strandsona skal drenera for sigevatn frå deponiet. Filtermateriale skal halda eventuelle miljøgifter attende slik at vatnet som renn ut er reint. Nedbør skal renna av på det tette laget via tre dammar i strandsona til Nesvika. Dammane skal lagast til slik at ein oppnår ideelle tilhøve for insekt som blir mat for fuglar.

I anleggsperioden ligg ei siltgardin utanfor strandsona for å unngå at det vert spreidd forureining ut i Nesvika og vidare ut i Hauklandsvatnet. Utanfor siltgardina er det sett ut målarar som registrerer om det vert spreidd partiklar som kan vera forureninande. Ved høg konsentrasjon av partiklar vil arbeidet stoppa opp og ekstra tiltak vurdert.

Tek omsyn til vipa

Unnelandsneset er eit av dei områda i Hordaland der vipa framleis hekkar. Vipa er ein truga art som er raudlista i Noreg. Arbeidet med saneringa vert ferdig innan hekkesesongen 2020.

Vil vise aktsemd under anleggsarbeidet

Arbeidet pågår ved Solneset Gård, Unnelandsvegen 319. I perioden 26.08.2019-31.03.2020 vil det vera anleggstrafikk med lastebilar. Omfanget av transporten vil variera med kor mykje massar som skal køyrast fram. Arbeidet vil i hovudsak gå føre mellom klokka 07 og 15.

-Sjåførane er gjort oppmerksame på at dei må visa ekstra aktsemd på denne strekninga, seier Stenersen.

Anleggsområdet, som vert nytta til uteaktivitetar av barnehagar og andre, kan ikkje nyttast i anleggsperioden.