Gå tilbake til:
Du er her:

Skal betre den seksuelle helsa til unge

Byrådet har utarbeidd høyringsforslag til plan for seksuell helse. Planen skal sikre heilskapleg innsats for å styrkje denne delen av helsa til barn og unge.

No har byrådet vedtatt å sende planen for seksuell helse, seksualopplysning og seksualundervisning ut på ekstern høyring. Høyringa skal skje i tidsrommet fram til 29. november.

Viktig for velværet

Planen er utarbeidd av Byrådsavdeling for barnehage, skole og idrett i samarbeid med idrett og byrådsavdeling for helse og omsorg. Bakgrunnen for planen er at bystyret har bede byrådet om å utarbeide ein heilskapleg plan knytt til seksualundervisninga i skulen.

Seksuell helse er det fysiske, mentale og sosiale velværet relatert til seksualitet. Ei god seksuell helse vil fremme både livskvalitet og evne til meistring. Planen rettar seg mot barnehagen og skulen. I tillegg er det andre generelle tiltak i planen som er retta mot ungdom og dei vaksne innbyggarane i Bergen.

Trygg på kropp og grenser

I barnehagen skal planen syte for at alle barn vert kjende med og trygge på sin eigen kropp og er medvitne om eigne og andre sine grenser. Barn skal også få kunnskap som hindrar at nokon vert diskriminerte på grunn av seksuell orientering. Barnehagen skal også gi kunnskap om mangfaldet i ulike former for familiar. Kompetanse hos dei tilsette er viktig for å nå dette. Byrådet foreslår i planen å utvikle ei kompetanserekke for styrarar og pedagogar i dei kommunale barnehagane.

I skulen skal elevane få ei god seksualundervisning som kan vere med på å gjere kvar einskild elev trygg og gi kunnskap til barn og unge som gruppe. Undervisninga skal famne om emne som seksuell utvikling, seksuell og reproduktiv helse, relasjonar mellom menneske, kjensle, kroppsbilete og kjønnsroller.

Positive haldningar

Eit anna mål for undervisninga er å fremme positive haldningar til seksualitet. Barn og unge skal få kunnskap som hindrar at nokon vert diskriminerte på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Alle skulane skal ta i bruk undervisningsmateriellet "uke 6". Kropp, grenser, seksualitet og mangfald skal vere emne på ulike måtar gjennom heile grunnskuleløpet. Lærarane skal undervise, men skulen skal inkludere helsesjukepleiar (tidlegare helsesøster) i undervisninga. Også på dette området er det viktig å løfte kompetansen til dei tilsette i skulen.

Planen skal bidra til å redusere talet på uønskte svangerskap og smitte av seksuelt overførbare sjukdomar. Tiltak som planen tar til orde for er lettare tilgjengeleg rettleiing om prevensjon, arbeide for eigendelsfritak for ungdom hos fastlegen og tilpasse kapasiteten i fastlegeordninga og helsestasjonane til behova som er.