Gå tilbake til:
Du er her:

Gir trygge rammer for eittåringane ved barnehagestart

Mange foreldre er i innspurten med å søke om barnehageplass til dei minste i familien. Anette Lilleskare i Arnatveit barnehage er ein av dei som sørgar for at barna får ein fin start.

Fristen for å søke om barnehageplass i Bergen kommune er 28. mars. Vi har besøkt Arnatveit barnehage, og Anette Lilleskare, pedagogisk leiar ved småbarnsavdelinga Andedammen, fortel at dei gir barna trygge rammer under det som er den første store overgangen dei opplever i livet.

– Dei går frå å vere med mor, far og anna nær familie heile tida til plutseleg å vere med framande menneske. Ei av mine viktigaste oppgåver er derfor tilvenninga ved barnehagestart. Saman med kollegaene mine sørger eg for at barna får oppleve tryggleik, vennskap, glede og meistring i barnehagen, seier ho.

Lar dei nye styre

I august jobbar dei mykje med tilvenning av dei nye barna i Arnatveit barnehage. Lilleskare fortel at i denne perioden er det dei nye som styrer heile dagsrytmen.

– Nokon treng å sove meir enn andre, og enkelte har behov for å ete til andre tider på dagen enn resten av gruppa. Vi har éin person som tek imot nye barn, og er med dei gjennom dei første dagane, informerer ho.

Når barna er trygge er det tid for å utforske heile barnehagen både inne og ute.

– Det er viktig å skjerme dei i starten, og la dei få nok tid til å bli kjende med dei vaksne, barnehagen og alle dei andre barna, seier Lilleskare.

– Gir mykje glede

Den pedagogiske leiaren seier at det beste med jobben hennar utan tvil er å vere med barna.

– Eg trivast i jobben min, og det gir meg stor livskvalitet og utrolig mykje glede å få vere i leik med ungane. Det betyr mykje å få lov til å vere ein trygg og nær vaksen for barna, avsluttar Anette Lilleskare.