Gå tilbake til:
Du er her:

Plan for å modernisere oppvekstfeltet

Bystyret har vedtatt Plan for smart oppvekst i Bergen. Planen inneheld 40 tiltak som skal digitalisere og fornye barnehagane, skulane og idrettsfeltet i kommunen.

Plan for Smart oppvekst i Bergen handlar i første rekke om å jobbe lurare og by på eit betre og meir moderne miljø for leik og læring. Planen skal sikre eit digitalt utstyrsløft, nye system skal takast i bruk og den digitale kompetansen til både barn, unge og alle tilsette skal hevast.

Skal bruke over 100 millionar

Det er også eit mål i planen at dei kommunale idrettsanlegga skal bli meir tilgjengeleg gjennom å ta ny teknologi i bruk. Målet er at idrettslaga med dette skal kunne få med seg endå fleire barn og unge.

Fleire av tiltaka i planen er svært omfattande. Gjennomføringa av planen vil krevje monalege ressursar. I framlegget til handlings- og økonomiplan 2019-2022 er det foreslått å setje av 49,2 millionar kroner til drift og 58,8 millionar kroner til å investere i den komande fireårsperioden.

40 ulike tiltak

Planen listar opp 40 ulike tiltak for å møte hovudutfordringane. Her er nokre av tiltaka:

  • Barnehagane og skulane skal ta i bruk det nye saks- og arkivsystemet Bk360.
  • Eit nytt system for oppvekstadministrasjon skal ivareta sentrale oppgåver som digital dialog mellom heimane og barnehage og skule.
  • Kapasiteten når det gjeld den digitale infrastrukturen i barnehagar, skular og idrettsanlegg skal utbetrast.
  • Det er eit mål at kvar elev på mellomsteget og ungdomssteget skal ha ei digital eining som chromebook, pc eller nettbrett
  • Dei tilsette skal rustast opp med kunnskap slik at dei kan gjere seg nytte av ny teknologi på ein god måte.