Gå tilbake til:
Du er her:

Bergen kulturskole klar for DNS

Dei unge skodespelartalenta var spente før laurdagens premiere på "bye bye baby". Å stå på Den Nationale Scene vert både skummelt og spennande.

Prosjektet, som er eit samarbeid mellom Bergen kulturskole og DNS, hadde premiere laurdag 17. mars. Stykket tek opp fleire viktige tema og handlar om identitet og einsemd på sosiale medier. Bak førestillinga står elevar frå fordjuping teater og billedkunst.

Det verkelege livet

Filip Rasmussen spelar rolla som Kasper og fortel at førestillinga handlar om ulike oppfatningar av kva som er verkeleg.

- Førestillinga vår handlar om ulike karakterar som strevar med sin eigen versjon av dette. Om det livet ein lev på internett er ekte eller om det livet ein lev utanfor sosiale medier er det som faktisk er det verkelege livet.

Regissør Beate Rostin, som har bearbeida manuset, tenkjer at det er eit stykke om vår tid. Sjølv om det er meint for ungdomar, trur ho òg at mange vaksne kan kjenne seg igjen.

- Vi er i ei tid der det er så viktig for menneske å bety noko. Det kan vere omfattande å finne seg sjølv og kven ein er, og det er ein problematikk som alle kan kjenne seg igjen i. Ein skal finne sin eigen identitet. Plutseleg skal ein vere så innmari mykje, både på internett og utanfor.

Kjenner seg igjen

Dei unge skodespelarane fortel at dei godt kan kjenne seg igjen i fleire av problemstillingane som vert presentert i førestillinga. I stykket får ein blant anna møte ein jentegjeng på fire som slit med å behalde sitt gode vennskap.

- Vi er alle i den alderen der vi har gått frå ungdomsskule til vidaregåande. Då er det ofte at ein veks litt i frå kvarandre. Det kan i alle fall eg kjenne meg litt igjen i. At ein mistar nokre vener, og får nokre nye, seier Johanna Natvik Zachariassen, som spelar rolla som Jenny.

Spente før premieren på DNS

Elevane frå talentgruppa har jobba med førestillinga sidan november og gler seg til premieren. Men sjølv om det er stor stas å stå på Den Nationale Scene, er det òg litt skremmande.

- Eg trur det vert litt skummelt sidan det er ei intimscene. Eg har tenkt litt på at eg er i same høgde som dei som sit på første rad. Men eg trur det skal gå fint, vi har jo hatt ein del folk som har sett oss under øving. Men dette er jo Den Nationale Scene, så ein vil jo vere bra, seier Gjertrud Lygre Vistnes. Filip Rasmussen er einig, og føler litt på presset ved å skulle stå på den kjende scena.

- Det har vore så utruleg mange gode stykker her før oss, på den lille scena. Sjølvsagt er det ingen som forventar at vi skal leve opp til dei andre forestillingane, men samtidig vil vi jo prestere vårt beste når vi er på DNS. Det vert veldig, veldig spennande.

Kulturskulens fordjupningsprogram

Alle dei ti unge skodespelarane vi møter i førestillinga er ein del av Bergen kulturskole sitt fordjupingsprogram, Teater talent. Programmet er for dei som vil ta skodespel eit steg vidare, og bruke meir tid på teaterfaget. For Beate har det vore fantastisk å jobbe med dei engasjerte ungdomane.

- Eg har to lidenskapar i livet, det er teater og det å jobbe med ungdomar. Det å jobbe med nokon som verkeleg har lyst til å lære noko og som har lyst til å formidle er kjekt. Eg føler meg veldig heldig som får lov til å undervise dei.

Billettar

Stykket speles frå laurdag 17. mars til og med fredag 23. mars, klokka 18.00 på DNS Lille Scene. Her kan du lese meir kjøpe billett.