Gå tilbake til:
Du er her:

Opna lab for framtidig transport

Eit nytt laboratorium har sett dagens lys. I ein sjø som skal fyllast med data om rørslene våre, skal nye transportløysingar utviklast og testast.

Kortforma for det nye regionale laboratoriet er MUST. Det står for Mobilitetslaboratorium for utvikling av smarte transportløysingar. Med på laget er Hordaland fylkeskommune gjennom Skyss, Bergen kommune, Statens vegvesen og andre aktørar.

I Bergen kommune er, for utan digitaliseringsmiljøet i Byrådsavdeling for finans, innovasjon og eiendom, naturleg nok Byrådsavdeling for byutvikling og mobilitetsmiljøet i Bymiljøetaten tett involverte i arbeidet med MUST.

Tilhald hos kommunen

Det nye laboratoriet vil ha fysisk tilhald i lokala til Bergen kommune sin seksjon for digitalisering og innovasjon. Og det var der den offisielle opna fann stad tysdag 27. november 2018. På storskjerm helste samferdsleminister Jon Georg Dale med ei oppmoding til aktørane om å «vere dristige».

Samferdselsdepartementet har løyvd 12,5 millionar kroner til prosjektet. Prosjekteigar er Hordaland fylkeskommune, men som nemnd er det fleire offentlege aktørar med på laget.

Løysingar for kvardagsliv

- Det viktigaste er å lage løysingar for kvardagsliva til folk. Eg ønskjer lukke til. No har vi opna det, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun då ho verbalt klypte snora.

12 fylke i landet kasta seg i konkurransen om statlege prosjektmidlar. Fem fylkeskommunar vart peikte ut som vinnarar av til saman 100 millionar kroner. Laboratoriet i Bergen var mellom dei fem vinnarane.

Data som vekstnæring

- Data er den nye olja, og arbeidet i offentleg sektor blir meir og meir datadrive. Det er flott at vi i dette prosjektet skal samlast på tvers av forvaltningsnivå og saman med private aktørar, sa finansbyråd Håkon Pettersen.

Dei offentlege aktørane skal dele data og kunnskap både med kvarandre og private aktørar. Data skal nyttast til å utvikle nye og brukarvennlege løysingar. Når nye konsept er utvikla, skal innbyggarane i regionen vere med på å teste dei ut i kvardagen.

Datasjø med fisk frå mange hald

Bergen Taxi samarbeider allereie med laboratoriet. Dei jobbar med å utvikle ei ny form for bestillingstransport som vil vere noko midt mellom ein vanleg drosje og buss.

De offentlige aktørene skal dele data og kunnskap både med hverandre og med private aktører, som får bruke disse til å innovere og utvikle nye og brukervennlige løsninger. Når nye konsepter er utviklet, skal innbyggerne i regionen være med på å teste dem i hverdagen.

Dette er prosjekta som MUST ønskjer å utvikle og få testa:

  • Bestillingstransport med samkøyring basert på planlegging i sanntid
  • Sjølvkøyrande elektriske minibussar i Bergensområdet
  • Ulike konsept for å mate bybanestopp frå arbeidsplassar eller bustadområde
  • Sensorbaserte løysingar som prioriterer gåande og syklande i overgangar som er lysregulerte
  • Elektrifisering av hamner og farty saman med teknologi for automatisering og samvirke