Gå tilbake til:
Du er her:

Sjøsette datasjøen til kommunen

No er datasjøen til Bergen kommune offisielt opna. Vann- og avløpsetaten har på eiga hand fylt sjøen med over fire milliardar linjer data.

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup og byrådane Håkon Pettersen og Anna Elisa Tryti markerte opninga måndag 25. mars. Datasjøen, som har fått namnet «Lungegårdsvannet», er ein metode for å lagra alle slags typar data frå ulike system.

Store data er stor butikk

Passande nok er det dei meste fuktige delane av verksemda til kommunen, Vann- og avløpsetaten og ADO arena som er komne lengst med å ta sjøen i bruk. Vann- og avløpsetaten bruker data til å overvaka leidningane deira, medan ADO gir publikum direkte informasjon om badetemperaturar.

– Dette er første steget vårt mot å bli ein datadriven region med ei datadriven offentleg forvalting. Når kloke hovud får tilgang til data, koplar dei og bruker dei på nye måtar vil det skje ein verdiskaping og utvikling av tenestene. Dei største globale selskapa bygger verksemda si på analyse og bruk av data. Denne historia bør vi òg ta del i òg i Bergen kommune, sa byråd for finans, innovasjon og eigedom, Håkon Pettersen.

Tilgangen til store mengder data vil òg gjera det lettare å bli meir treffsikre når det gjeld utviklinga av tenestene til kommunen, meiner innovasjonsbyråden.

Gir store moglegheiter

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup minte om at digitalisering er berre eit verkemiddel for å tilby betre tenester i offentleg sektor.

– Vi er berre i startgropa. Døma i Bergen er berre første steget. Enno ser vi ikkje konturane av alle dei moglegheitene dette kan gi. Vi har ikkje lukkast godt nok med radikal innovasjon. Men datasjøen er eit grep som legg til rette for at dei som kjem etter oss kan gjera nettopp det, meinte Astrup.

13.000 sensorar

Svømmande i datasjøen er sanntidsdata frå 13.000 sensorar i Vann- og avløpsnettet. Desse er mellom anna med på å avsløra kor det lek. Data om vasstrykk i eit område er også svært nyttig for brannvesenet når dei skal sløkka brannar.

Når sensorane blir kopla til kartdata gir det høve til å å lettare finna fram til der det er behov for å setja inn innsatsen i vass- og avløpsnettet. Etaten kan spara seg for å grava unaudsynt gjennom å ta i bruk data frå datasjøen.

Sidan oppstarten av sensorane er det overført svimlande 4,6 milliardar linjer med informasjon til datasjøen.

– Vi bruker mykje måledata frå leidningnettet. Å lasta dei ned i eit rekneark og analysera dei der tar lang tid og er komplisert. Berre det å få alt dette på eit kart er eit stort løft for oss. Alle måledata er viktige når vi skal vedta kva vi skal gjera med leidningnettet, fortalde sivilingeniør Torstein Dalen i Vann- og avløpsetaten.

Pasientstraum og badetemperatur

Bergen kommune bruker data frå datasjøen òg til å planlegga turnus i helsetenestene, måla badetemperaturar og kartlegga kor og korleis bergensarane tar seg fram i kvardagen.

Datasjøen er brukt på Bergen legevakt til å følgja pasientforløpet gjennom å analysera ikke-sensitive data. Det gjer legevakta i stand til å dimensjonera kor mange som er på jobb etter når trykket er størst. Data kan òg brukast til å fortelja kor mange av førespurnadene som like gjerne kunne vore handterte på telefon.

Dei over 400.000 gjestene til ADO arena vil gjerne veta kor varmt eller kaldt det er i bassenga. Dei får òg vita kor mange det er som er i arenaen. Badande på Nordnes sjøbad har lyst til å veta kor varmt det er på sjøen og på land. Desse data kjem direkte frå sensorar i sjø og luft og opplysningane blir viste på nettsida til ADO arena.

- Det er veldig nyttig å sleppa mange telefonar og e-post. No kan folk sjå sjølv og finne dei opplysningane dei treng, seier dagleg leiar Håkon Egeberg Johansen i ADO arena.