Gå tilbake til:
Du er her:

Vil ha ungdomshus med foredrag, lesesal og billig kaffi

Snart opnar eit nytt kulturhus i Bergen sentrum for ungdom mellom 15 og 20 år. Vi spør ungdom kva huset bør innehalde.

Ida, Kristina, Lise og Frøydis er alle 18 år og går studiespesialisering på Amalie Skram vgs. Dei har mange tankar om korleis eit nytt ungdomshus bør vere

- Eg ville hatt ein kafè med billig kaffi, seier Frøydis.

Alle fire vil gjerne at ungdomshuset skal vere litt studentaktig. Ein stad dei kan møtast, gjere lekser og studere, eller gå på konsertar og foredrag.

- Det hadde vore fint med foredrag, litt som det tilbodet som finst på Litteraturhuset i dag, berre retta mot oss. Med tema som psykisk helse, flytkningkrisa og miljø, seier Ida og Kristina.

Når det gjeld utforminga av ungdomshuset synest dei at lokalet bør vere lyst og opent, gjerne med innslag av gatekunst.

Bli med og gje råd til kva huset skal innehalde

Korleis vil du at det nye ungdomshuset skal sjå ut? Vi er på leit etter unge folk som vil vere med i ei ressursgruppe og planlegge kva huset skal innehalde. Vil du vere med? Ta kontakt med Eileen Dalland på tlf: 55 56 94 63 eller send ein epost: Eileen.Dalland@bergen.kommune.no