Gå tilbake til:
Du er her:

Informasjonsmøte om Garnes ungdomsskole

Bergen kommune inviterer alle interesserte til eit informasjonsmøte om nye Garnes ungdomsskole mandag 18. november 2019 klokka 17.00.

Bystyret har vedtatt at noverande Garnes ungdomsskole skal rivast og erstattast av eit nybygg. Etat for utbygging er byggherre og gjennomfører prosjektet for kommunen på oppdrag frå Byrådsavdeling for barnehage, idrett og skole.

Du kan lese meir om prosjektet her

Orienterer om planforslag

Etat for utbygging og Byrådsavdeling for barnehage, skole og idrett til informasjonsmøte der kommunen presenterer planforslaget og orienterer om byggeprosjektet og framdrifta.

Møtet finn stad mandag 18. november 2019 klokka 17.00-18.30 i gymsalen på Garnes ungdomsskole. Møtet er ope for alle interesserte.

Dette står på programmet:

  • Innledning ved prosjektleiar Vetle Vindenes, Etat for utbygging
  • Nytt reguleringsforslag ved Kristian Johansen, Rambøll Norge AS
  • Informasjon om prosjektering av Garnes ungdomsskole ved Terje Grønmo, Terje Grønmo Arkitekter AS
  • Spørsmål frå salen.

Innhaldet i planen

Forslag til reguleringsplan for Garnes ungdomsskole er no lagt ut til offentleg ettersyn. Planforslaget legg til rette til å rive dagens bygg og paviljong og reise eit nytt skulebygg til tilhøyrande uteareal. I planforslaget vert det også lagt til rette for nye løysingar for haldeplass for skulebuss og gangvegar inn til skulen. Den nye ungdomsskulen skal ha rom til 500 elevar og ei forsterka avdeling med 20 elevar.

Les det kunngjorte planforslaget for Garnes ungdomsskole