Gå tilbake til:
Du er her:

Tildeling av midlar til fartøyvern

Sjå kven som har fått tilsagn om midlar til båtar og tiltak for 2019.

Tilskotsordninga gjeld sikring og istandsetjing av freda eller verna fartøy. Riksantikvaren har tildelt Bergen kommune 388 238 kroner for 2019, og hadde innan søknadsfristen motteke åtte søknader.

Det er no gitt tilsagn om midlar til følgjande båtar/tiltak for 2019:

  • Nordhordland Veteranbåtlag - D/S Oster, skrog kr 30.000.-
  • Det Midthordlandske Dampskibsselskap AS - MS Midthordland, skrog kr 200.000.-
  • Bergen jæger og fiskerforening - MB MOT, vedlikehald av hydraulikk kr 40.000.-
  • Veteranskipslaget Fjordabåten - MS Granvin, rehabilitering av kraftforsyningsanlegget kr 48.238.-
  • Bergen Seilskøyteklubb - RS 4 Feie, materiale til dekk og skrog kr 40.000.-
  • Stiftelsen D/S Stord 1- D/S Stord 1, istandsetting av skrog utvendig kr 30.000.-