Gå tilbake til:
Du er her:

Gult nivå frå torsdag 16.12

Det er innført gult nivå for smittevern i Noreg frå torsdag 16.12.21. Her er korleis vi på Garnes skule vil organisere for dette før jul.

NB: Sjuke barn må halde seg heime! Anbefaler å ta hurtigtest før eleven kjem attende på skulen.

5.-7. trinn har heimeskule. Elevar og lærarar møter kvarandre digitalt kvar dag. Opplegg for dagane, finn elevane i Google Classroom.

1.-4. trinn vert delt i kohortar på klassestorleik. Kohortane sit med 2 meters avstand eller på ulike rom. 

Elevane møter i sin kohort ute eller inne etter avtale med kontaktlærar. Det får dei vite på skulen på onsdag.

Kohortane har friminutt ulike stader på skulen sitt område

Vi organiserer friminutta sånn at elevane ikkje møter andre trinn i garderoben så langt det let seg gjera.

Vi har skuledag måndag 20.12.21, men elevane sluttar 12.00. Elevane som skal ta Trengereidbussen, får gå 11.45.

SFO: Elevane er delt i dei same kohortane som på skulen. 

Morgon SFO: Elevane på 1. trinn møter nede, som normalt. Elevane på 2.-4. trinn går inn oppe.

Det er ingen matservering på SFO, borna må ta med mat.

Vi ber føresette ha på munnbind inne på skulen sitt område.