Gå tilbake til:
Du er her:

Smittevern i skulen etter 25.9.21

Frå 25.9.21 har vi det som er kalla "normal kvardag med auka beredskap". For skulen betyr det at vi ikkje har særlege smitteverntiltak. Det viktigaste no, er at alle held seg heime når dei er sjuke!

Barn og unge har ikkje lengre karanteneplikt når dei er nærkontaktar. Unge blir oppmoda til å ta test om dei har vore nærkontaktar. Det blir ikkje offentleg smittesporing til anna enn nære nærkontaktar (td. dei som bur med den smitta). Føresette overtar ansvaret for å varsle andre nærkontaktar. Ikkje-vaksinerte nærkontaktar oppmodas om å ta test. Du kan lese meir om reglane på regjeringa si side her - på botnen av sida er ein tabell med alle ulike scenario. Bergen kommune har laga ein oversikt over kor ein kan få tak i testar, og korleis kommunen vil handsame testinga her.

På skulen vil vi halde fram med god handhygiene, god hostehygiene, og våre fantastiske reinhaldarar vil gjennomføre same gode reinhald på skulen.

Det viktigaste de heime gjer: Hald barna heime når dei er sjuke!