Gå tilbake til:
Du er her:

Vigilo for kommunikasjon mellom heim og skule/SFO

Kommunikasjonsløysinga i Vigilo er no opna for skulen vår.

Du skal frå i dag av kommunisera med skulen og SFO gjennom Vigilo foreldreportal eller Vigilo app. Skulen og SFO vil nytte Vigilo for å sende deg meldingar og dele informasjon med deg.

Tidlegare har kommunikasjon gått i ulike kanalar, blant anna ranselpost, e-post og SMS. Vi går no over til Vigilo. Vigilo er tryggare og betre egna til å ivareta personvern og informasjonstryggleik.

Kva skal du bruke Vigilo til?

Vigilo skal brukast til å dele praktisk informasjon mellom deg og skulen. Du kan bruke Vigilo for å sende meldingar til skulen, melde fråvær og for å få tilgang til innhald publisert av skulen. Skulen vil tilsvarande sende deg meldingar og publisera informasjon til deg i Vigilo.

Sensitive opplysningar skal ikkje delast med skulen via Vigilo. Døme på dette er opplysningar om helse, religion, mobbesaker og personleg økonomi. Bruk kontaktskjema her skulen si heimeside eller ring skulen direkte om du har slike opplysningar.

For meir informasjon om korleis du kan bruke Vigilo for å kommunisera med skulen og for å lese om korleis Vigilo behandlar personopplysningar, sjå innbyggjarhjelpa på Bergen kommune si nettside.

Har du barn på SFO?

Skule og SFO er to separate einingar i Vigilo. Ved fråvær må du difor sende to separate fråværsmeldingar, ei til skulen og ei til SFO.

Korleis ta Vigilo i bruk?

Du kan logge inn i Vigilo foreldreportal i nettlesar på pc, Chromebook eller nettbrett. Du kan laste ned Vigilo sin app på smarttelefon eller nettbrett frå App på smarttelefon eller nettbrett frå App Store, Google Play eller AppGallery.