Gå tilbake til:
Du er her:
Kano
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 24 - Seljedalen og Løvås

Denne gjengen gjennomførte leirskuleveka før sumarferien brakar laust. Sumarkjensla var til stades, og det har vore eit godt samarbeid med elevar og lærarar gjennom heile veka.

Samarbeid
 
Bilde: Anne Martinsen

Elevane kom måndag, og etter  innlosjering, velkomstmøte og lunsj, vert elevane introdusert til ulike samarbeidsaktivitetar for å lære om samhandling, kommunikasjon og ansvar.

Fisk
 
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Tysdag og torsdag har me nytta fjella og vatna våre til undervising. Ein gjeng reiste til Heihiller og lærte å lage bål og gradorientering med bruk av kompass. Nokon har hatt fiske som tema på Vengsvatnet, og andre har vore på Gjønavatnet for å sjå på mellomalderhistorie og landskapsformer i Kikedalen. Desse dagane har elevane nytta robåt og kano som framkomstmiddel, og kjent på kjensla av å meistre desse. 

Onsdag føremiddag skrudde med tida tilbake ca. 100 år og fekk kjenne på kroppen korleis folk arbeidde og levde som familie. Mellom anna arbeide nokon i smia og bakte lefser, medan andre vaska klede og kløyvde ved. Onsdag ettermiddag reiste vi på friluftsaktivitetar, knytt til vatn, skog, fjell og klatring.

Smaksprøver
 
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Fredag reiser elevane på besøk til Holdhus kyrkje og pakkar tinga sine før avreise. Etter lunsj og utkåring av beste rom, var elevane på veg tilbake til Bergen. 

Vi på leirskulen ynskjer å takke for elevar og lærarar for godt samarbeid denne veka.