Gå tilbake til:
Du er her:
Skogen er full av blåbær
Skogen er full av blåbær
Bilde: Eli-Karin Nerhus

VEKE 33 16. – 20. august 2021 MJØLKERÅEN og SKRANEVATNET

Forventningsfulle elevar og lærarar, første skuleveka etter ferien. Vil alle 7.klassingane hugsa at året skal starta med leirskule? På leirskulen var me og spente. Kjem dei til rett tid-er alle med?

Alle kom. Og det vart ein flott skulestart med godver og positiv stemning. Elevane blei fort kjent med kvarandre og mandags kvelden var det full uteaktivitet med frileik, fotball, badmington og volleyball. Smil og glede over å få vere saman etter ein lang sommar.

Utedagane tirsdag og torsdag delte me elevane i to grupper.

Skranevatnet fekk tysdagen oppleva den gamle ferdselsvegen mellom Øvre Hålandsdalen og Bru i Strandebarm. Denne fjellovergangen har vore nytta opp gjennom århundra som pilgrimsveg, allfareveg, stølsveg og postveg.

Torsdagen hadde Skranevatnet undervisning på Vengsvatn med kanopadling, garntrekk og avslutningsvis øving på livredning i vatn.

Mjølkeråen hadde det same undervisningsopplegget på Vengsvatn tysdag medan dei på torsdagen hadde sin utedag i skogsområdet rundt fjellgarden Heihiller. Då var fokuset utmark / innmark og kva rettar og plikter som ligg i friluftslova. På heimveg hadde elevane gradorientering. Då lærte dei korleis dei kunne ta seg fram i skog og mark ved hjelp av kompass og grader. 15 orienteringspostar var lagt ut. Elevane fann alle!

Bygdedagen onsdag vart også vellukka. Elevane var på smågrupper før lunsj. Hest i arbeid, gamlestova, lefsebaking, jarnarbeid, trearbeid, skuledag i gamle dagar, skinnarbeid. Spanande alt i saman. Etter varm lunsj inne var det friluftsaktivitetar ute i finaveret i grupper: kajakk, roing/fisking, topptur, matlaging ute, klatring og riding.

Sidan me lever i ei koronatid vart denne fyrste leirskuleveka avslutta torsdag kveld fordi alle som var tilstades i veka vart definert som mogeleg nærkontakt til ein person med påvist postiv koronatest. Veka vart soleis ein dag mindre, men samstundes vart det meir enn ei full leirskuleveke slik Opplæringslova definerar leirskule. Ei leirskuleveka skal nemlig ha minimum tre dagar med overnatting på leirskulen. Alle som tok del i veka, vart testa so raskt det var mogeleg, og vi på leirskulen er difor klare til ei ny veke fyrstkommande måndag.

Mykje god læring og fine opplevingar å ha med seg resten av skuleåret.