Gå tilbake til:
Du er her:
Flyting  med vest
Sjølvberging
Bilde: Renate Olsen

Veke 35 Kjøkkelvik og Mjølkeråen

Ei flott veke er over. To livlege og kjekke grupper har hatt ei veke med travle dagar der undervisninga føregjekk ute i fint haustvêr.

Veka har hatt vanleg organisering med bygdedag onsdag og turdagar tysdag og torsdag. Begge skulane har brukt både skogen, fjella og vatna som ligg rundt oss her i Hålandsdalen.

I løpet av denne veka har alle elevane utført eit av kompetansemåla i kroppsøving for 7. trinn i LK20. Kompetansemålet er «vurdere sikkerheit i uteaktivitet og naturferdsel og gjennomføre sjølvberging i vatn». Målet har me arbeida med på fleire plan. Før all aktivitet på vatn blir elevane tatt med på å vurdere farar og korleis unngå dei gjennom instruksjon om både flytevest, kunnskap og bruk av kano/kajakk og sikker padling. Også refleksjonsstopp undervegs blir tatt då det ikkje er enkelt å huske og ikkje minst utføre sikker padling. Årsaka til det kan vere at elevane ikkje veit kor tungt det er å berge seg sjølv i vatn.

Me har denne veka latt alle prøve seg på sjølvberging i vatn. Kva er sjølvberging? Det er å symje med tøy og redde seg opp frå vatnet viss ein dett uti med klede på. Sjølvsagt bruker me flytevest på alle når me øver, for dette skal jo alle ha på ved ferdsel på vatn/sjø. Sidan me ofte brukar kano her på leirskulen viser me også korleis ein kan drive kameratredning med kano og lar nokre frivillige få prøve seg på dette. Gjennomføringa av sjølvberging er at eleven enten hoppar eller går ut i vatnet og svømmer nokre meter ut til ein lærar i kano eller båt og tilbake for så å komme seg opp på land. Etter det går dei ut i vatnet i grupper på 4-5 elever og prøver å flyte på vesten både på magen og på ryggen. Avslutningsvis svømmer dei ein distanse på ca. 50 meter langs land i grupper der lærar padlar ved sidan av. På spørsmålet «korleis var dette?» har me fått mange svar denne veka. «Eg føler at kleda drar meg ned», «Det går greitt, men eg har ikkje lyst å gjere det fleire gonger for det var tungt», «Lærte å symje me klede», «Det var best å flyte på ryggen med vesten på».  Den beste kommentaren kom frå ein gut som var ferdig og stod på land og småfraus, «Det var nyttig, fordi at eg kan komme ut for eit slikt senario og då er det greitt å vite korleis det er. Og så veit eg at eg må prøve å unngå det for det var siiinsjukt tungt!».

Selvberging
 
Bilde: Renate Olsen

På denne aktiviteten har alle elevane verkeleg utfordra seg sjølv. Som leirskulelærar er eg mektig imponert over alle saman. Det er kjekt og gjevande å få vise denne kunnskapen til elevane.

Takk for ei flott veke.

Kanovelt
 
Bilde: Renate Olsen
Kameratredning i kano
 
Bilde: Renate Olsen