Gå tilbake til:
Du er her:
På veg mot Storura
På veg mot Storura
Bilde: Melinda Hjelm Hatletveit

Veke 36 - Mathopen og Ytre Arna

Sommaren har vart lenge dette året, men denne veka merka me eit anna drag og temperatur i lufta. Elevane me fekk ha med oss i veka var elevar frå Mathopen og Ytre Arna.

Elevgruppa blei delt skulevis dei to store utedagane tysdag og torsdag denne veka, men for begge gruppene vart det padletur til Kikedalen eine dagen og fjelltur til nordsida av dalen andre dagen. Begge dagane har hatt tema med mykje historisk sus over seg; på turen til og i Kikedalen fekk elevane høyra mykje om istida som har vore med på å forma dalen, men også om tida kring svartedauden då dei siste fastbuande budde i dalen. På fjellturen handla det mest om 2.verdskrig og motstandsarbeidet som gjekk føre seg i fjellområdet…

Det var tapre motstandsfolk frå Hålandsdalen og nokre motstandsfolk frå Bergen leia av Jostein Nesheim frå Kompani Linge som i all hemmelegheit tok i mot i alt tre flyslepp frå England i tidsrommet november 1944 til januar 1945 i fjellområdet i Hålandsdalen. Lasta flya hadde med vart sendt ned med fallskjermar som haldt containerar og i kvar container var det tre metallbehaldarar som hadde ei vekt på 30-40 kg. Totalt kom det ned 10 tonn med utstyr som våpen, sprengstoff og uniformer. Motstandsfolka måtte først grava ned mykje av utstyret i snøen for så utover våren henta det og frakta det til Bergen når freden endeleg var eit faktum 8.mai 1945. Utstyret skulle så brukast til det fredsbevarande arbeidet. Elevane våre denne veka fekk høyra om dette fysisk og psykisk krevjande arbeidet som gjekk føre seg for snart 80 år sidan, i tillegg til at dei fekk sjå området kor alt skjedde og restar av containerar framleis er å finne. Å ta seg fram i det same området kor tapre motstandsfolk kjempa med livet som innsats for å frigjere landet vårt set ting i perspektiv og gjer at ein gjerne kjenner på at den fridomen og livet me har i dag ikkje har komme av seg sjølv…

 

Frå padletur til Kikedalen
Frå padletur til Kikedalen
Bilde: Melinda Hjelm Hatletveit
Holdhusstølen
Holdhusstølen
Restar frå krigen
Restar frå krigen
Bilde: Melinda Hjelm Hatletveit

Medan dei to store utedagane går samanhengande heile dagen er onsdagen på leirskulen meir oppstykka med bygdadag om føremiddagen og friluftsaktivitetar om ettermiddagen. Denne veka hadde elevane valet mellom blant anna tønnelaging, lefsebaking og smiaarbeid før lunsj, medan dei om etter lunsj var med på enten kajakk, matlaging ute, klatring eller sjølvberging og kameratredning i vatn.

Me på leirskulen seier takk for ei flott veka til Mathopen og Ytre Arna og håper alle sit igjen med ny kunnskap og erfaringar som kjem til nytte vidare i livet!