Algoritmisk tenkning

I dag testa 4. trinn ut om Kubo er like god i rekning som dei sjølve er.

Rett før vinterferien fekk skulen mykje nytt utstyr som vi skal bruke til undervisning innan algoritmisk tenkning.

Kubo
Motivasjonen på topp
Bilde: A. Olsen

 Blant alt utstyret fekk vi åtte nye Kubo’ar. Ein Kubo er ein robot som programmeras ved at ein byggjer koder og funksjonar med små brikker som heiter Tag Tiles. Kvar brikke er ein kommando som roboten kan lese når han køyrer over den.

 

I dag testa 4. trinn ut om Kubo er like god i rekning som dei sjølve er. Dei rekna ut oppgåver, lagde reknestykket med Tag Tiles, lot Kubo køyre over for å sjå om det hadde rekna rett. Om svaret på oppgåva var riktig lyste Kubo grønt og tok ein dans, om svaret var feil lyste han raudt og rista trist på hovudet.

Det vi har gjort på i dag er berre ein liten brøkdel av alt Kubo  kan, så her er det berre til å prøve og feile vidare. 

Vi kjem nok til å nytte oss av Kubo fleire gonger, samt alle dei nye Lego Spike og MicroBit vi har fått.