Til i dag hadde 4. trinn i heimelekse at dei skulle ta med seg noko heimefrå som dei skulle snakke om framfor resten av klassen på engelsk. Dei hadde med meg mykje kjekt, i dag har vi sett både kosedyr, fotballer, gaming-utstyr samt diverse leiketøy.
For somme var det litt skummelt å stå framfor klassen og snakke engelsk, men alle hadde øvd godt heime og gjorde ein god jobb.