Gå tilbake til:
Du er her:

Si di meining om Garnes skule!

Føresette til alle barn i SFO og skule blir invitert til å bli med på ei brukarundersøking. I perioden 5.februar til 26. februar kan du sei di meining om forskjellige forhold ved skule- og SFO-tilbodet i Bergen.

Alle føresette som er registrert med e postadressa vil i løpet av måndag 5. februar få eit elektronisk spørjeskjema som kan svarast på språka norsk, engelsk, polsk, somali, russisk og arabisk. Har du fleire barn, må du svare for kvart av dei.

Har du ikkje fått eposten?
Om de er to føresette, kanskje den andre har fått den?
Husk å sjekke alle epostmappar, i tilfelle eposten har havna i spamfilteret.

Om du ikkje har tilgang til epost, vil skulen hjelpe deg slik at du får svart gjennom eit eige brev med påloggingsinformasjon. Dette brevet vil bli sendt heim torsdag/fredag, veke 6.Det vil også gå ut ein SMS med lenke til spørjeskjemaet, om du ikkje har svart innan 12.februar. 

Har du slettet lenka med spørjeskjema? Då kan du gå inn på artikkelen på Bergen kommune og taste inn ditt mobilnummer. Om ditt mobilnummer er registrert, vil du få tilsendt ny kode på SMS.

Føremålet med brukarundersøkingane er å få tilbakemelding frå føresette om deira opplevingar og erfaringar med skulen og SFO.

De vil få spørsmål om lesing, skriving, rekning og realfag, digital kompetanse, sosial kompetanse, læringsmiljø og mobbing, fysisk aktivitet, kunst og kulturfag, kommunikasjon med skulen og samarbeid mellom heim og skule. Har du barn i SFO vil du få spørsmål om innhald, trivsel og rammene for SFO.

Har du spørsmål til undersøkinga, eller ikkje mottatt undersøkinga? Ta kontakt direkte med Rambøll Management Consulting på e-post, skjemasupport@ramboll.com eller telefon 40 90 33 00.

Lenke til artikkel på Bergen kommune si nettside:  https://www.bergen.kommune.no/hvaskjer/tema/brukerundersokelser-for-barnehager-og-skolersfo