Gå tilbake til:
Du er her:

Veke 39/2018: Fusaveko

I regn og vind har 7. klassingane frå alle barneskulane i Fusa hatt ei veka med felles utfordringar, nye vennskap og ny kunnskap om eigen kommune.

Alle hadde ein dag med kano på Gjønavatnet og ein dag med kano på Skogseidvatnet. I tillegg gjekk alle samla den gamle vegen over Bergsenden frå Øvre Hålandsdal til Strandebarm. Sjølv om været har vore av den sure typen har det vore mykje positivitet og god stemning kvar dag. På sjølve leirskulen har elevane delt rom med nokre frå andre skular, dei har samarbeida om faste oppgåver og hatt ymse leik og moro. Takk for ei flott veke!

Kanopadling  - den ultimate samarbeidsøvinga.

Kor viktig samarbeid er ser me tydeleg i kanoen. Her skal tre stykk saman få denne farkosten til å gå framover og helst i rett retning. Dette er utfordrande, og det vert ikkje enklare av at ein etter kvart vert både sliten og våt.

Før elevane slepp ut på vatnet har me ei god økt med innføring i rutinar for tryggleik der redningsvesten er punkt nummer ein. Det vert òg demonstrert korleis ein held åra, padlar og svingar. Det er viktig å alltid padla langs land, noko som stadig må passast på. Me har alltid med motorbåt til evt. redning og hjelp undervegs. Heldigvis er det sjeldan nokon kvelvar med kano. Men om det skulle skje er båten raskt på plass med hjelp og tørre klede.

Det er godt å sjå at alle stort sett meistrar kanopadlinga betre og betre i løpet av turen. Og dei som syns det var litt skummelt i starten vert fort tryggare. Når elevane på slutten av dagen går i land trur me at dei har fått med seg samarbeids-læring for livet.