Gå tilbake til:
Du er her:

Sjå kor fin læringsgrop vi har fått på veggen!

Alle elevar og tilsette er med i gropa, nokre på veg ned og andre på veg opp - akkurat som på ein vanleg dag.

Ideen om å ha den på veggen, fekk vi i vår. Skulen blei teikna og alle elevane har vore med på måling. Elevane har og klippa ut bilete av seg sjølv og plassert det på veggen. Dette har vore eit samarbeidsprosjekt som verkeleg har vore vellukka!