Gå tilbake til:
Du er her:

Evaluering av oppstart av nytt skuleår

Kvart år har vi fokus på det sosiale, samarbeid og vennskap på tvers av klassetrinn.

Vi har dei to første vekene fokus på at alle elevane skal ha ei trygg og god skulestart. Alle elevane får treffe kvarandre og dei vaksne.

I Sammen for kvalitet - Læring står det blant anna at vi skal ha fokus på aktive og medverkande elevar. Desse to vekene får dei bryne seg på å være aktive i forskjellige aktivitetar. Dei har evaluert desse vekene ved at dei har prata om det i klasserommet og samt at dei har brukt menti.com for å sette ord på korleis dei tykte vekene var.


På foreldremøte fekk dei føresette lik oppgåve.

Tilbakemeldingane frå elevar og føresette er i stor grad positiv.