Gå tilbake til:
Du er her:

Sjølvtillit og sjølvbilete på timeplanen

Vi på Lone skule tek konsekvensen av at mange unge har låg sjølvtillit og eit sjølvbilete som så absolutt kunne vore betre. Psykologen vår, Kristina Stokken, har starta kurs for dei eldste elevane.

I tillegg har vi halde kurs for mellomtrinnet i psykologisk førstehjelp.
Her handlar det om å tenkja positive tankar i staden for å la dei negative ta overhand. Kristina har sjølvsagt hatt eit ord med i laget her også.
Vi har lagt ut presentasjonane både i  psykologisk førstehjelp og i sjølvtillit her på heimesida. Kanskje det kan vera aktuelle tema i heimen også?