Gå tilbake til:
Du er her:

Biblioteket klart til bruk igjen.

På grunn av rehabilitering har vi vore utan bibliotek i ca 2 år. Bøkene har til ein viss grad vore tilgjengelege for elevane. Som kjent er lesing eit av satsingsområda våre. Det var derfor naturleg at biblioteket fekk ein meir sentral plass på skulen. Det som tidlegare vart kalla praksisrommet er no blitt bibliotek.

Elevane kan no låna bøker på biblioteket igjen. Det kan vi blant anna takka dei to dyktige bibliotekarane Brita og Benthe for. Dei har arbeidt hardt for å gjera biblioteket klart til bruk igjen. Vi håpar sjølvsagt at elevane låner mange bøker. Det vil gjera dei til gode lesarar.
Vi gratulerer oss sjølve med eit nytt og flott bibliotek.