Gå tilbake til:
Du er her:

Skulebiblioteket på Trengereid oppveksttun

Skulebiblioteket på Trengereid er plassert i mediateket.

Mediateket ligg vegg-i-vegg med dei eldste elevane sitt klasserom. Her er eit godt utval av bøker, vi prioriterer innkjøp av god litteratur for barn og unge kvart år, og då helst på nynorsk. Vi har óg ein del oppslagsverk og anna faglitteratur. Skulen abonnerer på nokre blad og har fått abonnement på Norsk Barneblad av mållaget.

På mediateket står bibliofilmaskina der elevane registrerer utlån. Dei eldste elevane er biblioteksjelparar.