Gå tilbake til:
Du er her:

Kort om skulen

Her kan du lese litt om skulen, fådeltpedagogikk, storleik og historie.

Trengereid skule er ein barneskule i Arna bydel i Bergen. Skulen er fådelt og har i 2016-2017 tre klassar. 1.-2. steg har 7 elevar, 3.-4. steg har 13, og 5.-7. steg har 11 elevar. Det er omlag 4,5 lærarstillingar på skulen.

Det at skulen er fådelt vil seie at vi arbeider i aldersblanda grupper. Lærarane førebuar undervisningsøkter der elevane arbeider med ulike ting etter sitt nivå. I nokre fag, t.d kunst og handverk eller musikk, har vi rullerande årsplanar dei vi tek læringsmål frå alle trinna i gruppa inn i ein årsplan. Då kan alle arbeide med same emne samstundes.

På Trengereid er vi opptatt av læring, vurdering, lesing og rekning i alle fag. Vi arbeider  for å skape ein skule der alle er trygge og trivst, der alle er aktive i friminutta, og der vi og har høg grad av elevaktivitet og praktisk tilnærming i faga.

Skulen vart grunnlagt i 1896 og påbygd i 1949 og 1984. I 2012 åpna barnehagen, og vi fekk navnet Trengereid oppveksttun. Oppveksttunet ligg vakkert til på Trengereid med utsyn til fjord og fjell.