Gå tilbake til:
Du er her:

Kortreist, miljøvenleg og sikker kraft

Visste du at Vann- og avløpsetaten i Bergen er kraftprodusent? Vi produserer kortreist, miljøvenleg og sikker kraft, frå vatn på veg til å bli drikkevatn. I 2017 produserte vi 8 mill. kWh på kraftverka våre. Totalt forbruk på vannproduksjon var 8,6 mill. kWh.

Eitt mobiltelefonbatteri har ein kapasitet på omtrent 8 Wh. Dermed kan vi lade opp ca. 1 milliard slike batteri med 8 GWh, eller ca. 4 millioner slike batteri ca. 250 ganger!

Vi har to vasskraftverk i Bergen kommune. Eitt ved Osavatnet og eitt ved Espeland vassbehandlingsanlegg.

El-krafta vert produsert med å nytte «ubrukte» fallhøgder i vasstransportsystemet.

Svært miljøvenleg

– Dette er svært miljøvenleg. Vi nyttar krafta i eit drikkevatn som allereie finst, fortel Magnar Sekse, fagdirektør ved Vann- og avløpsetaten.

Nærmast sjølvforsynte

I 2017 produserte vi 8 mill. kWh (8 GWh) på kraftverka. Totalt forbruk på vannproduksjon var 8,6 mill. kWh (8,6 GWh).

Og det beste av alt? Heile vinsten kjem VA-abonnentane og miljøet til gode!