Gå tilbake til:
Du er her:
Skuleplassen pynta til fest (fyrste skuledag august 2020)
YA skule
Bilde: YA skule

Innskriving 1.trinn 2022/2023

For å førebu oss på å ta imot ditt barn på best moglegvis vis treng vi følgjande informasjon:

  • Godkjenning på at skulen kan kontakte barnets barnehage, PPT og helsestasjon for overføring av nødvendig informasjon.
  • Informasjon dersom barnets morsmål er noko anna enn norsk. Informer då om kva språk som er barnet sitt førstespråk.
  • Medisinske opplysningar som de meiner vi på skulen treng å vite (dette kan og vere ulike matallergiar/intoleransar).

Det er viktig at opplysningane de sender blir behandla trygt og sikkert. Difor ber vi dykk om å nytte det digitale innskrivingsskjema på skulen si heimeside. Då vil skjema bli lagt direkte inn i vårt arkivsystem, og ditt og barnet sitt personvern vil bli tatt vare på. Vi vil ikkje at de sender oss desse opplysningane på e-post. Denne lenka sender deg direkte til skjemaet.
Skjemaet finn du og ved å gå inn på artikkelen Skolestart på kommunen sine heimesider.

Dersom du, eller ditt barn, ikkje har norsk personnummer (11siffer) vil ikkje skjemaet virke. Då må du ta kontakt med skulen på telefon (53 03 74 00) eller ved oppmøte.

Skulen oppmodar til at skjema sendast til skulen innan 1. mai.

Målform

Opplæringslova (§2-5) gir føresette rett til å velje kva målform den skriftlege opplæringa skal vere på. Informer oss om de ønsker at opplæringa skal skje på ei anna målform enn skulen sitt hovudmål. Ytre Arna skule har nynorsk som hovudmål. Les meir om målform i grunnskulen her.

SFO

Skulen har tilbod om SFO før og etter skuletid. Opningstid frå kl. 07:30-16:30.  Alle som søker får plass, med det er endå ikkje opna for å søke for komande skuleår. Meir informasjon frå Bergen kommune om SFO finn du på denne innbyggjarhjelpa.

Vi på Ytre Arna skule <3

Vi gler oss til å bli kjend med dykk! Her på Ytre Arna skule har vi fokus på ein trygg og god start for alle våre elevar og deira føresette. 

Samarbeid med barnehagane

Ytre Arna skule har allereie hatt fleire kontaktpunkt med barnehagane som har barn som skal byrje hos oss til hausten, og vi samarbeider tett om korleis vi saman best kan legge til rette for at overgang til skulen kan bli best mogleg. Her er nokre stikkord for planen for dei neste vekene i vår:

  • Dei to næraste barnehagane bruker gymsalen fast ein gong i veka
  • 1.trinn skriv brev til barnehagane om korleis det er å gå på skulen, og førskuleborna teiknar og fortel om seg sjølv på «Her er eg»-skjema som barnehagane sendar til skulen.
  • Besøksdag fredag 13.mai for barnehagane. Det blir kjekke aktivitetar for førskulebarna saman med 1.trinn både ute og inne.
  • Avdelingsleiar for småtrinnet og SFO vil kome på besøk til barnehagane ein dag i slutten av mai for å bli litt meir kjend med førskulebarna.

Førskuledag

Torsdag 9. juni om ettermiddagen gler vi oss til å ynskje førsteklassingane med føresette velkomen til førskuledag. Dette er ein stor dag for oss som arbeider på Ytre Arna skule. Flagget er heist til topps! Rektor, avdelingsleiar for 1.trinn, avdelingsleiar for SFO, lærarar og assistentar står klare til å helse barna velkomen. Vi legg opp til at både barn, foreldre og tilsette kan få snakke og gjere ulike aktivitetar saman, for å bli litt kjent og litt meir trygg på korleis det vi bli på skulen.  

Spørsmål til skulen

Ved spørsmål rundt skulestart eller SFO-start vil vi svært gjerne at dykk tek kontakt. Vi er her for å hjelpe dykk!

Avdelingsleiar for småsteget er Torunn Reistad Skurtveit. Ho nås på e-post: torunn.skurtveit@bergen.kommune.no

Avdelingsleiar for SFO er Birgitte Hestad. Ho nås på e-post: birgitte.hestad@bergen.kommune.no 

 

Hjarteleg velkommen til Ytre Arna skule. Vi gleder oss til å møte dykk alle saman!

Meir informasjon finner du på nettsiden: Velkommen til bergensskolen

Med vennleg helsing

Bjørg Liseth Pedersen, rektor

Ytre Arna skule