Gå tilbake til:
Du er her:

Slik slår statsbudsjettet ut for kommunen

Framlegget til statsbudsjett for 2018 ser ut til å gi kommunen 35 millionar kroner meir i handlingsrom enn det byrådet la til grunn i budsjettinnstillinga si.

Byrådsavdeling for finans, innovasjon og eiendom har i eit fagnotat vurdert dei førebelse verknadene av regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2018. Last ned fagnotatet på denne sida.

Byrådet vil seinare kome tilbake med naudsynte endringar i framlegget til handlings- og økonomiplan for 2018-2021.

Følgjer opp kommuneproposisjonen

Når det gjeld hovudbiletet for kommuneøkonomien til Bergen er inntrykket no at regjeringa i hovudsak følgjer det opplegget som vart kjend i kommuneproposisjonen for 2018.

For Bergen kommune utgjer framlegget 40 millionar kroner meir i frie inntekter enn det byrådet har lagt til grunn. I tillegg reknar regjeringa med lågare lønsvekst enn det byrådet har sett av i budsjettet. Skilnaden er på 0,1 prosentpoeng og utgjer ti millionar kroner. I tillegg er det endringar på andre området som utgjer 15 millionar kroner i mindre inntekter eller større utgifter. Samla sett er altså effekten av statsbudsjettet på 35 millionar kroner.

Foreldrebetaling i barnehagen

Bergen kommune følgjer den statlege maksimalprisen for ein barnehageplass. Regjeringa føreslår å auke foreldrebetalinga med 110 kroner for kvar månad til 2.910 kroner med verknad frå 1. januar 2018.

På barnehagefeltet er tilskotet til fleire barnehagelærarar no innlemma i rammetilskotet. Heilårsverknaden for Bergen kommune utgjer 22 millionar kroner. Dette har byrådet allereie tatt omsyn til i budsjettinnstilling 1.

Regjeringa føreslår å setje av 100 millionar kroner til å finansiere kommunal IKT-prosjekt. Tilskotsordninga som skal administrerast av KS. Eit grovt reknestykke tilseier at Bergen kan vente seg statlege tilskot på mellom fem og ti millionar kroner av dette.