Gå tilbake til:
Du er her:

Ønskjer rive og bygge nytt på Tveiterås

Byrådet rår til at Tveiterås skole skal halde til på noverande tomt. Det eksisterande bygget skal rivast og erstattast av eit nybygg.

Utgangspunktet for saka er at Tveiterås skole heldt til i lokale som ikkje er eigna. Fleire løysingar har vore lansert, mellom anna å flytte skulen til ombygde lokale på Ulriken skole. Byrådet har vurdert saka på nytt og sett på tre ulike alternative løysingsval. Dette har vore gjort i dialog med leiinga og foreldra til elevane på skulen.

Dei tre alternative som har vore vurderte er:

  • Tveiterås skole vert flytta til Ulriken skole på permanent basis.
  • Tveiterås skole vert rehabilitert og får tilbygg på same eigedom.
  • Tveiterås skole vert riven og det reisast nybygg på same eigedom.

Byrådet rår til at kommunen vel alternativet med å rive og bygge nytt på same eigedom. Alternativet er kostnadsrekna til 210 millionar kroner. I tillegg kjem utgifter til erstatningslokale. Tilrådinga frå byrådet er i samsvar med kva fagetaten har tilrådd.

Eit nybygg vil gi den beste planløysinga for brukarane av skulen. Sjølv om det gir høgare investeringskostnadar, vil det vere den beste økonomiske løysinga når ein ser på levetid for bygget. Ulempa er at elevane må flytte på erstatningslokale i byggeperioden. Førebels er det ikkje klart korleis dette skal løysast og lokala må vere tilpassa elevane sine behov.

Bystyret må ta stilling til saka fordi dette endrar tidlegare vedtak i skulebruksplanen for Bergen kommunen.

Saka går vidare til komité og bystyre.

Les dokumentene i saka