Gå tilbake til:
Du er her:

Investerer 376 millionar i oppveksttun på Kronstad

Byrådet ber bystyret om løyve til å gjennomføre prosjektet Kronstad oppveksttun. Kostnadane for prosjektet er på 376 millionar kroner.

Investeringsramma for prosjektet er i tråd med gjeldande økonomiplan. Prosjektet handlar om å opprette eit oppveksttun, barnehage og skule, for 300 elevar og 80 barnehagebarn på Kronstad. Kommunen har overtatt eigedomen til den tidlegare statlege skulen Hunstad like ved.

Begge skulebygga skal totalrehabiliterast og byggast saman med ei bru over vegen som deler dei. Dei skal bli eitt tun med barneskule og barnehage. Utbygginga er planlagt i to byggesteg, slik at elevane kan vere på Kronstad mens Hunstad vert bygd om og omvendt. For delar av elevane er det naudsynt å opprette andre mellombelse erstatningslokale.

Framdrifta i prosjektet er avhengig av godkjent reguleringsplan. Etter planen skal reguleringsplanen endeleg vedtakast av bystyret i desember 2018. Dersom den vert godkjent, kan byggearbeidet starte opp tidleg i 2019. Arbeida på Hunstad er rekna til å vere ferdige ved utgangen av 2020. Arbeida på Kronstad er rekna til å vere ferdige innan utgangen av 2022.

Saka går vidare til komité og bystyre.

Les dokumentene i saka