Gå tilbake til:
Du er her:

Utvidar Midtun skole med 100 elevplassar

Midttun skole skal utvidast til å ta imot 100 fleire elevar. Byrådet foreslår å gjennomføre prosjektet som har ei kostnadsramme på 172 millionar kroner.

I skulebruksplanen som vart vedtatt i 2016 skulle Midtun skole utvidast med 200 plassar. Då ville skulen fått ein samla kapasitet på 500 elevar. Nye elevtalsprognosar gjer at trongen for plassar no er sett ned til 150 elevar. Utvidinga skal skje i to byggesteg. No skal bystyret ta stilling til eit byggesteg som vil gi 100 fleire elevplassar.

Prosjektet skal gjennomførast gjennom å reise eit tilbygg ved skulen. Kostnaden for prosjektet er rekna til 172 millionar kroner. Av dette er 140 millionar kroner sett av i framlegget til økonomiplan for 2019-2022. Byrådet vil innarbeide dei resterande 32 millionane i ei tilleggsinnstilling til økonomiplanen.

Utvidinga av Midtun er prosjektert som eit tilbygg i vest, der fasaden vender mot E39. Den eksisterande bygningsmassen blir kopla til gjennom korridorar i hovudbygget. Tilbygget skal ha fire etasjar og vil få eit areal på 2540 kvadratmeter.

Framdrifta er at byggearbeida skal ta til våren 2019 og det skal stå ferdig i slutten av 2020.

Saka går vidare til komité og bystyre.

Les dokumenta i saken.