Gå tilbake til:
Du er her:

Ny plan for å modernisere oppvekstfeltet

Byrådet har lagt fram forslag til Plan for smart oppvekst i Bergen. Planen inneheld 40 tiltak som skal digitalisere og fornye barnehagane, skulane og idrettsfeltet i kommunen.

Plan for Smart oppvekst i Bergen handlar i første rekke om å jobbe lurare og by på eit betre og meir moderne miljø for leik og læring. Planen skal sikre eit digitalt utstyrsløft, nye system skal takast i bruk og den digitale kompetansen til både barn, unge og alle tilsette skal hevast.

Skal bruke over 100 millionar

Det er også eit mål i planen at dei kommunale idrettsanlegga skal bli meir tilgjengeleg gjennom å ta ny teknologi i bruk. Målet er at idrettslaga med dette skal kunne få med seg endå fleire barn og unge.

Fleire av tiltaka i planen er svært omfattande. Gjennomføringa av planen vil krevje monalege ressursar. I framlegget til handlings- og økonomiplan 2019-2022 er det foreslått å setje av 49,2 millionar kroner til drift og 58,8 millionar kroner til å investere i den komande fireårsperioden.

40 ulike tiltak

Planen listar opp 40 ulike tiltak for å møte hovudutfordringane. Her er nokre av tiltaka:

  • Barnehagane og skulane skal ta i bruk det nye saks- og arkivsystemet Bk360.
  • Eit nytt system for oppvekstadministrasjon skal ivareta sentrale oppgåver som digital dialog mellom heimane og barnehage og skule.
  • Kapasiteten når det gjeld den digitale infrastrukturen i barnehagar, skular og idrettsanlegg skal utbetrast.
  • Det er eit mål at kvar elev på mellomsteget og ungdomssteget skal ha ei digital eining som chromebook, pc eller nettbrett
  • Dei tilsette skal rustast opp med kunnskap slik at dei kan gjere seg nytte av ny teknologi på ein god måte.

Saka skal handsamast vidare av komité og bystyre.

Les dokumenta