Gå tilbake til:
Du er her:

Slik skal alle få barnehage i heimbydelen

Byrådet har lagt fram ei liste med tiltak som skal syte for at alle som ønskjer det kan få plass i barnehage i bydelen der dei bur.

I 2018 vart målet om full bydelsvis barnehagedekning nådd i alle bydelar utanom tre: Arna, Bergenhus og Årstad. Byrådet har ein målsetnad om at også barna i desse bydelane skal kunne vere i barnehage nær heimane deira.

For å løyse utfordringa legg byrådet fram ei sak til bystyret som inneheld prinsipp og tiltak for å nå dette målet.

Byrådet vil mellom anna vurdere søknadar om kommunalt tilskot til barnehagar som ikkje er kommunale. Dei vil også vurdere om kommunen skal ta over private tiltak som ikkje vert gjennomførte. I investeringsprogrammet er det sett av ekstra midlar til å rehabilitere kommunale barnehagar med trong for vedlikehald. Byrådet vil òg sjå på om dei kan ha fleire plassar for småbarn enn store barn i dei kommunale sentrumsbarnehagane.

Arna bydel

Ved hovudopptaket i 2018 mangla kommunen 19 plassar for å nå bydelsvis dekning i Arna. Byrådet foreslår å opne ni nye plassar gjennom å utvide bruken av Indre Arna barnehage. Dei vil dessutan vurdere tiltak for å utnytte ledig kapasitet i Ytre Arna barnehage og Trengereid oppveksttun.

Bergenhus bydel

Ved hovudopptaket i 2018 mangla kommunen 34 plassar for å nå bydelsvis dekning i Bergenhus. Byrådet ønskjer å gå i gang med å rehabilitere Kalfarveien barnehage. Når Kalfarveien er under rehabilitering, foreslår byrådet å nytte Nygårdsparken barnehage som avlastningsbarnehage. Bruken av Nygårdsparken vil kunne gi Kalfarveien 25 nye og mellombelse plassar. Byrådet vil òg vurdere tiltak for å utnytte ledig kapasitet i Øyjorden barnehage, Solbakken barnehage og Fløyfjellet naturbarnehage barnehage.

Årstad bydel

Ved hovudopptaket i 2018 mangla kommunen 34 plassar for å nå bydelsvis dekning i Årstad. Byrådet foreslår å starte prosjekteringa av rehabiliteringa av Søre Skogvei barnehage. I anleggsperioden skal dei yngste barna her få eit tilbod i nærliggjande kommunale barnehagar. Dei eldste skal få tilbod i eit kommunalt barnehagebygg på Slettebakken.

Byrådet foreslå å gi tilskot til ei utviding av Den internasjonale barnehagen. Det skal også vurderast tiltak for å utnytte ledig kapasitet i barnehagane Mannsverk, Natlandsfjellet, Kniksens plass, Gyldenpris, Minde, Sollien og Kristianborg.

Byrådet foreslår å avslå søknad om kommunalt tilskot til Knøttene familiebarnehage og tilskot til å utvide Sammen Fantoft barnehage.

Saka skal handsamast vidare av komité og bystyre.

Les dokumenta