Gå tilbake til:
Du er her:

Ny idrettshall på Storetveit skole

Storetveit skole treng ny idrettshall. Byrådet rår bystyret til å gjennomføre prosjektet som har ei kostnadsramme på 55,9 millionar kroner.

Det noverande idrettsanlegget på Storetveit inneheld gymsal, symjehall og lokale til skulehelsetenesta. Bygget vart oppført i 1967 og er prega av stort etterslep på vedlikehaldet. Det gamle idrettsbygget skal rivast og erstattast med ein ny idrettshall. Det skal også kome garderobar for ei utandørs fotballbane.

Den nye idrettshallen skal også ha sosiale rom og scene. Skulehelsetenesta vil òg ha lokale i idrettshallen.

På dagtid er tanken at idrettshallen skal nyttast av skulen og barnehagen like ved. Etter skuletid og i helgene vil hallen kunne nyttast av idrettslag og som arena for fellessamlingar og kulturelle aktivitetar.

Bygget skal etter planen stå ferdig hausten 2020.

Gjennomføringa av alle store investeringsprosjekt må vedtakast av bystyret. Den tilrådde investeringsramma for prosjektet frå byrådet er på 65,9 millionar kroner.

Saka skal handsamast av komité og bystyre.

Les dokumenta i saka