Gå tilbake til:
Du er her:

Går inn i sameige om kulturhus i Åsane

Byrådet rår bystyret til å gå inn i sameige med fylkeskommunen for å realisere nytt kulturhus i Åsane. For å finansiere kommunens del av byggeprosjektet skal det setjast av mellom 130 og 140 millionar kroner.

Åsane bydel har stått på lista over bydelar som treng nytt kulturhus. Bystyret vedtok tidlegare i år at kommunen skal samarbeide med Hordaland fylkeskommune for å realisere dette. Fylkeskommunen skal byggje ny Åsane vidaregåande skule. Saman med skuledelen skal det skipast eit kulturhus med bibliotek. Saka som byrådet legg fram no handlar om korleis kommunen sin del av byggjeprosjektet skal finansierast. Byrådet vel å gå inn som deleigar i sameiget.

Sel kulturdelen i senteret

Byrådet foreslår at kommunen går inn med 130 og 140 millionar kroner i sameiget. Då vil kommunen stå som eigar av kulturdelen av byggjeprosjektet. I dag finn du bibliotek og kulturlokale i Åsane senter. Byrådet rår til at denne seksjonen av seljast når det nye kulturhuset står ferdig. Inntekta frå salet skal vere med på å finansiere det nye kulturhuset.

Kulturdelen med bibliotek vil ha eit bruttoareal på 4.050 kvadratmeter. Heile prosjektet "Nye Åsane vidaregåande skule og kulturhus" vil få eit bruttoareal på 26.700 kvadratmeter.

Innhaldet i nytt kulturhus

Kulturbygget i Åsane vil få ein sal med 482 sete. Sjølve kultursalen får inngang frå første høgda og skal gå over tre høgder. Kulturbygget vil elles romme utstillingslokale, klubbrom, blackbox med 130 sete, kunst- og handverksrom, audiovisuell verkstad, dansesal, musikkrom, lydstudio og øvingsrom for Bergen kulturskole.

Arbeida med å bygge skal etter planen ta til i april neste år. Etter planane skal bygget stå klart til bruk midtveges i 2020.

Saka går til vidare handsaming i komité og bystyre.

Les dokumenta i saken