Gå tilbake til:
Du er her:

Går vidare med byarena på Kokstad og Nygårdstangen

Byrådet rår til at ein byarena for Bergen anten bør liggje på Kokstad eller Nygårdstangen.

Tilleggsutgreiinga for lokalisering av ein byarena i Bergen går no vidare til politisk handsamling i Bergen bystyre. Byrådet har gått gjennom utgreiinga som har sett på seks ulike lokaliseringar av ein byarena.

Seks alternativ vurderte

Tidlegare har bystyret bede om at ein skulle gå sjå nærare på Kokstad og Slettebakken. I arbeidet med utgreiinga er i tillegg fire andre lokalitetar vurderte etter innspel frå ulike aktørar.

Etter å ha gått gjennom den siste rapporten, ber byrådet no om å få arbeide vidare med byarenaprosjekta på Kokstad og Bygarasjen/Nygårdstangen.

Krav til byarena

Ein byarena skal ha plass til 8000 sitjande og mellom 10.000 til 12.000 ståande publikummarar. Ein slik arena skal i hovudsak nyttast til idrett, og bygget skal kunne innfri lisenskrava for seriekampar i ishockey. Bygget skal elles nyttast til konsertar, arrangement og messer.

Bystyret har tidlegare lagt til grunn at realiseringa av ein byarena må skje med privat kapital. Kommunen skal i hovudsak bidra som leigetakar i ein slik arena.

Vekting av framlegga

Rapporten frå tilleggsutgreiinga har vekta Kokstad og Slettebakken høgast. Byrådet viser i saka til at Slettebakken er gjenstand for regulering til idrettsføremål og at breiddeidretten er mest aktuell i denne omgang.

Byrådet heldt fast på bystyrets tidlegare vedtak om at Kokstad er ein aktuell stad og at tilleggsutgreiinga også ga dette alternativet høgast poengsum.

Sjølv om alternativet på Nygårdstangen fekk lågare poengsum i utgreiinga, rår byrådet til at det vert arbeidd vidare med denne plasseringa. Argumentet i saka er at plasseringa er interessant fordi ho kan styrkje attraktiviteten til sentrum. Samstundes er byrådet tydelege på at både plassering og utforming gir monalege utfordringar av ulik art.

Saka går vidare til komité og bystyre.

Les dokumenta