Gå tilbake til:
Du er her:

Ser på større takhøgde over Sentralbadet

Carte Blanche og BIT ønskjer å heve taket over bassengdelen av det planlagte scenekunsthuset i Sentralbadet med 3,5 meter. Det vil krevje dispensasjon frå reguleringsplanen.

Byrådet er positive til at det å heve taket vert tatt med i det vidare utviklingsarbeidet for Sentralbadet. Byrådet føreset at endringane kan gjerast innanfor den vedtekne økonomiske styringsramma for prosjektet. Investeringsramma er no på brutto 690 millionar kroner. Vidare er det ein føresetnad at hevinga kan få dispensasjon frå reguleringsføresegnene.

Dersom det ikkje er mogeleg å heve taket utan at prosjektet vert dyrare eller det er naudsynt å endre reguleringsplanen, må saka tilbake til bystyret.

Reguleringsplanen opnar òg for eit påbygg med inntil fire høgder. Byrådet rår til at dette vert tatt med i den vidare prosjekteringa. Endeleg avgjerd om påbygget skal realiserast vil skje når bystyret fattar gjennomføringsvedtak for prosjektet.

Framlegget om å heve taket kjem frå Byrådsavdeling for klima, kultur og næring etter initiativ frå Carte Blanche og Bergen internasjonale teater (BIT). Å heve taket med 3,5 meter bryt med føresegnene i reguleringsplanen.

Byrådet meiner at det mogelege påbygget bør prosjekterast. Etter prosjekteringa skal det avklarast om det skal realiserast. I saka skriv byrådet at dersom Bergen kommune ikkje sjølv har trong for bygget til eiga verksemd, kan det realiserast som ein seksjon som vert lagt ut for sal.

Løysinga med å heve taket kan gi ei betre oppleving av rommet inne i hallen. I utgangspunktet skulle det vere to scener i hallen. Dersom taket vert heva, kan den største sceneboksen erstattast med eit ope scenerom som dekker over halve flata i symjehallen.

Etat for utbygging reknar med at å utvikle eit endra konsept for scenekunsthuset vil skyve på ferdigstillinga med seks månader. Etter dette kan scenekunsthuset stå ferdig hausten 2023. Carte Blanche og BIT er orienterte om dette.

Saka går vidare til handsaming i komité og bystyre.

Les dokumenta i saka