Gå tilbake til:
Du er her:

Vil løyve 76,7 millionar til Slåtthaug idrettspark

Gjennomføringa av rekkefølgjekrav sett i reguleringsplanen for Slåtthaug idrettspark vil koste 76,7 millionar kroner. Byrådet rår til at prosjektet kan gjennomførast.

Slåtthaugområdet skal utviklast og mellom anna skal fleirbrukshallen Fana Arena byggast. I reguleringsplanen for prosjektet har planstyremaktene sett krav om at ein rekkje tiltak må vere på plass før fleirbrukshallen kan takast i bruk.

Rekkefølgjekrava er omfattande:

  • Det skal byggast ny gang- og sykkelveg frå Osvegen forbi Tranevatnet og fram til Slåtthaugvegen
  • Slåtthaugvegen skal rustast opp med fortau på begge sider av vegen med sykkelveg, nye lys og drenering
  • Rundt Tranevatnet skal det byggast ein ny turveg med bru for å krysse over eit bekkeløp.

Turvegen vil vere på om lag ein kilometer med benkar og lys. Sidan vegen skal gå langs foten av Smøråsfjellet er det naudsynt å gjere rassikrande tiltak for å tryggje ferdsla. I tillegg må det reinskast opp etter at området i mange år har vore nytta som skytebane.

Turveg ferdig neste mai

Parkeringsplassen ved Slåtthaug idrettspark skal utvidast og gjere tilkomsten for buss betre. Skyttarhuset frå 50-talet skal rivast.

Arbeida vil ta til juni 2019. Arbeida på gang- og sykkelveg og tursti vil gå føre seg frå august 2019 og er venta ferdigstilt i mai 2020.

Bystyret skal fatte endeleg vedtek om gjennomføringa av prosjektet.

Saka går vidare til handsaming i komité og bystyre.

Les dokumenta i saka