Gå tilbake til:
Du er her:

Betrar infrastrukturen i Myrdal idrettspark for 142,6 millionar kroner

Reguleringsplanen for Myrdal idrettspark i Åsane set krav om fleire tiltak for å betre infrastrukturen i området. Byrådet rår til at prosjektet vert gjennomført med ei total investeringsramme på 142,6 millionar kroner

I gjeldande økonomiplan er det sett av ei investeringsramme på 95 millionar kroner til prosjektet. Det er eit udekt behov på 47,6 millionar kroner i høve dette og det må innarbeidast når økonomiplanen 2020-2023 skal handsamast i haust.

Idrettsparken på Myrdal skal bestå av tre store idrettshallar, mellom anna ishall, klatrehall og turnhall. Det skal også byggast eit fotballstadion for topp- og breiddefotball. Anlegget vert finansiert privat, men Bergen kommune må finansiere dei rekkefølgjekrava som reguleringsplanen krev.

Krava krev at det vert skipa infrastruktur i området som torg, nærmiljøanlegg, parkeringsplassar for sykkel og bil ved idrettsparken og det skal planleggjast samanhengande gang- og sykkelveg frå Åsane sentrum. I tillegg må det gjerast arbeid med å leggje om vass- og avløpsanlegg og høgspentliner.

Uteområdet skal ha steinlagt torg med planter, buskar, benker og mindre opne vassflater. Aktivitetsområdet skal ha ein sjuarbane for fotball og to sandvolleybaner. Det skal også kome anna utstyr og apparat av ymse slag for både små og store.

Etter planen skal dette ferdigstillast vinteren 2020/2021.

Saka går vidare til handsaming i komité og bystyre.

Les dokumenta i saka