Gå tilbake til:
Du er her:

Ortun får nytt badeanlegg

Byrådet rår til at prosjektet for ny symjehall ved Ortun ungdomsskole vert gjennomført. Prosjektet har ei investeringsramme på 249 millionar kroner.

Denne politiske saka handlar om å vedta sjølve gjennomføringa av prosjektet. Den nye symjehallen kjem i plassen for den gamle som er i dårleg stand og skal rivast. Det nye anlegget vil innehalde både opplæringsbasseng, terapibasseng og eit treningsbasseng. Det vil vera tilpassa ulike typar brukarar. Kvart basseng får eigne omkledingsrom og badstover. Anlegget vil òg ha vaktrom, stor vestibyle og møterom.

Må finne inndekking

I gjeldande økonomiplan er det budsjettert med ei investeringsramme på 184,7 millionar kroner for prosjektet. Byrådet rår til at avviket på 64,3 millionar kroner i høve til gjeldande økonomiplan vert innarbeidd i handlings- og økonomiplan 2020-2023.

Prosjektet er endra undervegs. Opphavleg var det tenkt å gjennomføre ei samla rehabilitering av både skule og basseng. Grunna mangel på tilgjengelege avlastningslokale vart det tilrådd å utsetje arbeidet med skulen og gå vidare berre med symjebassenget. Vidare er prosjektet også utvikla til å gjelde eit større badeanlegg med fleire fasilitetar og kvalitetar enn den opphavlege symjehallen. Dette er i tråd med ambisjonane i idrettsplanen.

Eit anlegg for fyllingsdølar og andre

Treningsbassenget vil få måla 25 x 12,5 meter og opplærings- og terapibasseng vil få ein storleik på 16,75 x 10,6 meter. Den nye symjehallen skal på sikt kunne tene som eit offentleg badeanlegg for bydelen og kommunen elles.

Det nye bygget skal stette krava til standarden for passivhus. Det tekniske anlegget skal nytte løysingar som vinn att energi og varme. Badeanlegget skal òg ha solenergianlegg og varmepumpe for varmeanlegget.

Saka går vidare til handsaming i utval og bystyre.

Les dokumenta i saka.