Gå tilbake til:
Du er her:

Vil sanere Neset avfallsdeponi

Byrådet vil sanere Neset avfallsdeponi, eit nedlagt kommunalt deponi ved Haukelandsvatnet på Unneland. Totalkostnaden for prosjektet er 55,1 millionar kroner.

Prosjektet startar i september 2019, slik at arbeidet med saneringa vert ferdig innan hekkesesongen 2020. Unnelandsneset er eit av dei områda i Hordaland der vipa, som er ein trua art med status EN (trua) på norsk Raudliste for artar, framleis hekkar.

Skal attførast til jordbruksareal

Deponiet skal dekkjast med reine masser og attførast til jordbruksareal. Randsona mot Haukelandsvatnet, som er ein del av Nesvika naturreservat, skal reinsast for avfall og reetablerast som ei våtmarkssone. Avfallsdeponiet skal dekkjast med minimum ein meter med reine masser.

Neset avfallsdeponi var i drift frå 1959 til 1977. Totalt er det deponert 120 000m3 på eit 40 daa stort areal.

Prosjektet har oppstått som ei følgje av kommunen sine planar for miljøsanering der det fins fare for forureining.

Les dokumentene i saken