Gå tilbake til:
Du er her:

Vil gje dispensasjon til utbetring av taubaneanlegget på Ulriken

Ei utbetring av Ulriksbanen vil auke kapasiteten og fleire vil kunne nytte friluftsområdet på og rundt Ulriken, meiner byrådet.

Den tekniske utbetringa av Ulriksbanen vil medføre at teknisk maskineri vert erstatta av nytt. Fire master skal rivast, og det skal førast opp tre nye master med ny plassering langs eksisterande trasé. I tillegg skal eksisterande vogner erstattast med nye, noko som vil auke kapasiteten. På den øvre stasjonen må eksisterande tak hevast for å legge til rette for nytt drivverk, og det skal etablerast ny utgang i samband med avstiging for å gjere trinnfri tilkomst mogleg.

- Fordelane er klart større enn ulempene. Det er flott at fleire bergensarar og folk som elles vitjar byen vår med dette vil kunne nytte områda rundt Ulriken, seier byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti.

Saka skal viare til handsaming i komité og bystyre

Les dokumenta