Gå tilbake til:
Du er her:

Vil gå vidare med vaktmeistertenesta

Byrådet har evaluert den nye vaktmeisterordninga for Bergen kommune. Den nye organisasjonen fungerer etter målsetninga. Byrådet rår til at kommunen held fram med ordninga som kom på plass i 2014.

Kommunen innførte i august 2014 ei ny vaktmeisterordning i Bergen kommune. Ordninga medførte at alle funksjonar vart samla i Etat for bygg og eiendom. Modellen ga den einskilde vedlikehaldsteknikaren (vaktmeister) ansvaret for å følgje opp sine bygg.

Kvar teknikar vart vidare organisert i tverrfaglege team. Slike lag er sett saman av mellom 4-7 personar. Det er 24 slike team i kommunen.

Eigne vaktlag

Kommunen har også innført eigne vaktlag som skal betre evna til å ta hand om hendingar på bygg utanom normal arbeidstid. Det gjer det også lettare for vaktsentralen til kommunen å komme raskt i kontakt med rette vedkomande når hendingar dukkar opp.

Kompetansen til vedlikehaldsteknikarane er utvikla sidan oppstarten av den nye vaktmeistertenesta. Mellom anna har 60 personar tatt teoretisk eksamen i byggdriftarfaget.

Nøgde leigetakarar

Det er også gjennomført to brukarundersøkingar i tillegg til ei intern undersøking i Etat for bygg og eiendom. Brukarane er i stor grad nøgde med den tenesta dei får frå vedlikehaldsteknikarane til etaten.

Evalueringsrapporten konkluderer med at omorganiseringa gir betre tenester og høve til å ta vare på bygga på ein god måte.

Saka går vidare til handsaming i komité og bystyre.

Les dokumentene i saken