Gå tilbake til:
Du er her:

Listar opp krav til seriøs byggenæring

Byrådet har laga oversikt over korleis kommunen jobbar med å stille krav til seriøsitet i byggenæringa og motverke arbeidsmarknadskriminalitet i same bransjen.

I 2015 vart KS, saman med Fellesforbundet, Byggenæringens landsforeningen og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), samde om elleve krav til seriøsitet når det offentlege kjøper inn tenester frå bygg- og anleggsnæringa.

I ein fleirtalsmerknad i samband med handsaminga av budsjettet for 2016, bad bystyret om å få eit oversyn som viser korleis Bergen kommune har innarbeidd desse krava. Byrådet gjer greie for arbeidet på dette feltet i ei eiga sak på veg til bystyret.

Dei 11 krava

I saka skriv byrådet at Bergen kommune i vilkåra som vert sette for kontraktar ivaretar dei mest sentrale av dei 11 nemnde krava. Dei elleve krava går stikkordsmessig ut på dette:

1. Krav om HMS-kort frå Arbeidstilsynet

2. Krav om medlemskap i leverandørregister

3. Krav om faglærte handverkarar

4. Krav om bruk av lærlingar

5. Krav om rapporteringsplikt til Sentralskattekontoret for utenlandssaker

6. Krav om internkontroll og HMS

7. Krav til løns- og arbeidsvilkår

8. Krav til bruk av underleverandørar og innleigd arbeidskraft

9. Krav om utbetaling av løn til bank

10. Krav om at misleghald av kontrakten får konsekvensar i seinare konkurransar.

11. Krav om revisjon av vilkåra i kontrakten.

Meir kontroll krev ressursar

På dei områda der kommunen ikkje er heilt på linje med dei elleve krava, ønskjer byrådet å vurdere om det er tenleg å ta inn meir spesifikke føresegner på desse områda. Byrådet nemner at dersom kommunen skal ta inn fleire føresegner i kontraktane, må kommunen også følgje desse opp og kontrollere dei. Det krev ressursar.

Kommunen har allereie sett i verk ein rekkje tiltak for å motverke kriminalitet i arbeidslivet. Kommunen arbeider med dette i samband med konkurransar, krava som vert stilte i kontraktane og oppfølginga av leverandørane. Kemneren og innkjøpsseksjonen har ei tid samarbeidd om å krevje utvida skatteattest. Denne ordninga vert no utvida til fleire delar av kommunen.

Kommunen deltar også i det tverretatlege samarbeidet mot arbeidsmarknadskriminalitet i Bergen.

Saka går vidare til handsaming i komité og bystyre.

Les dokumenta i saka.